Versj. 87
Denne versjonen ble publisert av Camilla Frøseth Wedul 28. april 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Kina er ein republikk i Aust-Asia. Landet grensar til Nord-Korea i nordaust, Russland og Mongolia i nord, til Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Afghanistan, Pakistan, India, Nepal og Bhutan i nordvest og vest, og Myanmar, Laos og Vietnam i sør og sørvest.

Kina har lenge vore verdas mest folkerike land, men nokre estimat tyder på at folketalet i India kan ha gått forbi Kina sitt i 2024. Kina er verdas fjerdje største land i totalt flateinnhald etter Russland, Canada og USA. Kina er Asias største land, og dominerer den austlege delen av det asiatiske kontinentet.

Namnet Kina, brukt i fleire nordeuropeiske språk, kjem frå Qin-dynastiet (221–206 fvt.). Det offisielle kinesiske namnet er Zhonghua Renmin Gongheguo, 'Folkerepublikken Kina'. Til dagleg nyttar ein oftast Zhongguo, som tyder 'Midtens rike'.

Nasjonalsangen er Yiyongjun Jinxingqu (Dei frivilliges marsj).

Kina har ei lang kystlinje, i aust mot Gulehavet (Huang Hai), i søraust mot Aust-Kina-havet (Dong Hai) og i sør mot Sør-Kina-havet (Nan Hai).

I aust, langs kysten til Gulehavet og Aust-Kina-havet, er det store og tett befolka alluviale sletter, medan grassletter dominerer i grenseområdet mot den mongolske høgsletta i nord. Sør-Kina er prega av åsar og små fjellparti, medan dei sentrale austlege delane er delta for dei to store elvane i Kina – Guleelva og Yangzi-elva. I sørvest er det store fjellparti, som Himalaya, og i nordvest tørre høgsletter og ørkenparti, som Taklamakan og Gobi.

Kinas klima er prega av tørre årstider og våte monsunar, som fører til store skilnader i temperatur mellom vinter og sommar. Om vinteren kjem det kalde og tørre nordlege vindar frå høgtliggande område; om sommeren kjem det varme og fuktige vindar frå lågareliggande sørlege kystområde.

Folketalet er om lag 1,4 milliardar. Den største folkegruppa, hankinesarane, utgjer mellom 90 og 95 prosent av folketalet i Kina, og er verdas største folkegruppe. Kina har i tillegg meir enn 50 små og store kulturelle og etniske minoritetar hovudsakleg busette i sørvest og nordvest.

Før koronapandemien låg den årlege auken i folketalet på om lag ein halv prosent i året, men i 2020 sank denne til null. Ifølgje Kina sitt statistikkbyrå krympa den kinesiske befolkninga med meir enn to millionar i 2023.

Kring 60 prosent av befolkninga bur i byar. Forventa levealder ved fødsel er i gjennomsnitt 75,5 år for menn og 81 for kvinner (2023); i byane er forventa levealder nær to år høgare enn i rurale strøk. Pensjonsalder varierer noko, men er på 50 eller 55 år for kvinner, avhengig av type arbeid, og 60 år for menn.

Den urbane arbeidsløysa i Kina er på om lag fem prosent, ifølgje styresmaktene. Blant dei mellom 16 og 24 år som ikkje er under utdanning, er arbeidsløysa derimot 15 prosent. Desse tala inkluderer ikkje personar som arbeider deltid eller som er undersysselsette.

Analfabetismen i Kina er på kring fire prosent.

Alle hankinesarar, og fleire minoritetsgrupper, nyttar variantar av det kinesiske språket. Den vanlegaste varianten er mandarin, som kring 70 prosent av Kinas befolkning snakkar i ei eller anna form. Andre store, regionale variantar er wu, yue (kantonesisk), min, gan, xiang og hakka.

Mange regionale variantar av kinesisk er ikkje innbyrdes forståelege. I tillegg vert det snakka fleire ulike ikkje-kinesiske språk som tibetansk, uigur og mongolsk i Kina. Derfor vert eit felles standardspråk, putonghua, nytta i media og undervisning og mellom kinesarar som snakkar ulike regionale variantar av kinesisk og ikkje forstår kvarandre. Putonghua er for ein stor del basert på Beijing-uttale av mandarin.

Taoisme (daoisme) og konfusianisme er tankesystem med opphav i Kina; mange vil seia at konfusianismen ikkje kan karakteriserast som ein religion. Buddhismen kjem frå India. Andre religionar er islam og kristendom. Kinesiske tankesystem er menneske-sentrerte, i motsetnad til abrahamittiske religionar, som er gud-sentrerte. Verdisystemet omhandlar livet som menneske og i samfunn med andre menneske. Kinesarar er gjerne ikkje-ekskluderande i praktisering av religion og tankesystem, det vil seia at ein kombinerer element både frå taoisme, konfusianisme og buddhisme; i praktisk daglegliv er ein gjerne ikkje-religiøs.

Organisert religion har ikkje, i samanlikning med Europa, vore ein separat maktfaktor i Kina, men har til tider blitt brukt av styresmaktene i landet.

Kina er ein sentralstyrt stat som har 22 provinsar (23 om ein reknar med Taiwan), fem sjølstyrte områder, fire bykommunar direkte underlagde staten (Beijing, Shanghai, Tianjin, Chongqing), og to spesielle administrative regionar; Hong Kong og Macao.

Kina har vore republikk sidan 1911, då det siste keisardynastiet blei avsett, og folkerepublikk sidan 1949 etter at Kinas kommunistparti (KKP) tok makta etter ein borgarkrig.

Statsapparatet er basert på to maktstrukturar som ein finn i alle nivå i den administrative inndelinga: Kinas kommunistparti (KKP) og folkekongressane med regjerings- og administrasjonsapparatet. Alle avgjersler av betydning blir tekne i partiapparatet, medan folkeforsamlingene på dei ulike nivåa (lokalt, regionalt og nasjonalt) i all hovudsak fungerer som sandpåstrøingsorgan.

KKPs leiarskap er nedfelt i den kinesiske grunnlova. Nokre mindre parti har vore tilletne så lenge dei støttar KKP og ikke utfordrar makta. KKP er verdas største politiske parti, med om lag 90 millionar medlemmer (om lag sju prosent av folketalet); i praksis er alle i det leiande skiktet innan regional og sentral styring, næringsliv og kulturliv partimedlemer. Partiet rommer mange ulike oppfatningar om samfunn, økonomi og kultur. Hu Jintao var president og statsoverhovud i Kina frå 2003; Xi Jinping overtok i mars 2013.

Tidlegare var det nedfelt i grunnlova at Kinas president ikkje kunne sitje lenger enn to fem-årsperiodar, men denne avgrensinga blei fjerna i 2018. Xi Jinping kan dermed bli sitjande som president på ubestemt tid.

Sidan 2004 har det vore nedfelt i den kinesiske grunnlova at staten respekterer og beskyttar menneskerettane. Landet får likevel kritikk frå organisasjonar og andre statar for alvorlege og systematiske brot på mange menneskerettar.

Ytrings-, forsamlings- og organisasjonsfridomen er sterkt avgrensa, og både tradisjonelle og sosiale medium er underlagt statleg kontroll. Utøving av religion er regulert av staten, domstolane er ikkje uavhengige, og overvakinga av innbyggjarane er omfattande, mellom anna gjennom moderne teknologi for ansiktsgjenkjenning. Samfunnskontrollen er sterkare i minoritetsregionar som Tibet og Xinjang enn mange andre stader i landet.

I kraft av si særeigne styreform hadde Hongkong inntil nyleg svært høg grad av fridom og rettstryggleik, men sidan 2020 har styresmaktene i Beijing stramma grepet om byen og innført mellom anna ei tryggingslov som snevrar inn ytringsfridomen og andre sivile rettar.

Kina har verdas største hær (målt i talet på soldatar), med om lag to millionar soldatar i dei ståande styrkane til saman i alle våpengreiner. Landet har tradisjonelt vore prega av ei tilbakehalden og til tider isolasjonistisk haldning til omverda; prinsippet om ikkje-innblanding står sterkt i Kinas utanrikspolitikk.

Kina har vore fast medlem av FNs tryggingsråd sidan 1971, då det tok over plassen frå Republikken Kina/Taiwan. Kina har vore medlem av Verdshandelsorganisasjonen (WTO) sidan 2001, og økonomien i Kina har følgeleg blitt sterkt integrert i verdsøkonomien.

Kina er medlem av FN og FNs særorganisasjoner, blant anna Verdsbanken; elles av blant anna APEC.

Historia til den kinesiske sivilisasjonen går 3500–4000 år tilbake i tid, med dei eldste skriftlege kjeldene frå om lag 1500 fvt. Denne tida blir rekna som byrjinga på dei kinesiske historiske dynastia, og sidan den tid har historia vore prega av samling og ekspansjon, følgt av opprør og oppløysing i mindre statar. Likevel har Kina bestått av relativt stabile dynasti i hovuddelen av si historie.

På 1800- og 1900-talet opplevde Kina både intern uro og økonomisk, politisk og militært press frå andre land. Det siste keisardynastiet blei avsett ved ein revolusjon i 1911. Dette førte ikkje til snarleg stabilitet, og landet blei igjen splitta mellom ymse krigsherrar og politiske ideologiar i dei følgande tiåra. I perioden 1931–1937 blei Kina invadert av Japan fleire gonger.

Etter at Japan kapitulerte i 1945 braut det ut borgarkrig i Kina. Kommunistpartiet, under leiing av Mao Zedong, gjekk sigrande ut av denne med den sosialistiske revolusjonen i 1949. Sidan den tid har Kinas kommunistparti styrt landet. I 1978 kom Deng Xiaoping til makta og starta moderniseringa av landet. Frå same året blei også eittbarnspolitikken innført.

Reformpolitikken dei siste tre årtia har ført til store endringar i økonomien i landet, og fattigdomsraten har sidan 1980 gått ned med meir enn 85 prosent (fattigdom er definert som det å leva på om lag åtte kroner per dag).

Reformpolitikken har imidlertid ført til større ulikskap, både mellom individ, mellom by og land, kyst og innland, og i tilgang til helsetenester, pensjon og utdanning for folk. Nedgangen har også ført til stor migrasjon og urbanisering.

Kina er i dag verdas nest største nasjonale økonomi; den tredje største viss ein reknar med EU. Om lag 10 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) kjem frå jordbruk, 47 prosent frå industri og 43 prosent frå tenester.

Kina er verdas største produsent av stål, kol, sement, bomull, korn, kjøt og fisk. Landet dominerer også verdsmarknaden for ei rekke industriprodukt, som til dømes innan ei rekke elektronikkvarer, kamera, sko og tøy. Kina er verdas største bilprodusent.

Frå slutten av 1970-talet starta ei utvikling av økonomien med «Dei fire moderniseringane» – moderniseringa av industri, landbruk, forsvar og vitskap/teknologi. Dette innebar også ei liberalisering av økonomien ved å ta i bruk marknadsøkonomi saman med den kommunistiske ideologien. Statens planøkonomi og direkte kontroll over produksjonsapparatet innan dei ulike områda er redusert, men ikkje fjerna. Det blei etablert spesielle økonomiske soner der utanlandske investeringer hadde friare vilkår. Desse sonene blei etter kvart fleire, og Kina brukte røynslene frå desse til vidare utvikling av økonomien.

Sidan 1999 har kinesiske styremakter fremja investeringar i utlandet som ein del av internasjonaliseringa av kinesisk næringsliv. Med dette håper styremaktene også på sikt å få betre kvalitet, meir mangfald og bedre renommé for kinesiske produkt generelt. I tillegg til investeringer og oppkjøp av industri har leiande kinesiske bankar også auka utlåna til utlandet, noko som er med på å forsterka Kinas rolle i den globale økonomien generelt, og i einskilde låntakarland spesielt.

Kinesisk kunst har vore dominerande innan austasiatisk kunst. Malekunst, kalligrafi, arkitektur, skulpturkunst og dekorative kunstformer i blant anna keramikk, bronse, jade og silke har vore produsert i Kina opp gjennom tidene.

Kina har i dag fleire internasjonalt anerkjende forfattarar som Gao Xingjian, Ma Jian, Mo Yan og Liu Cixin; somme har hatt problem med kinesisk sensur og lever no i eksil. Kinesiske Ai Weiwei er rekna som ein av verdas leiande samtidskunstnarar.

Kina har ein rik tradisjon innan folkemusikk spelt på tradisjonelle instrument. I dei seinere åra har også vestleg pop og rock fått meir fotfeste. Eit eksempel er Cui Jian, rekna som kanskje den viktigaste eksponenten for kinesisk rock sidan 1980-tallet. Kina har verdas raskast veksande filmindustri, og er i dag den tredje største filmprodusenten i verda.

Utdanning har tradisjonelt vore sett som ein viktig metode for sosial mobilitet, men utdanningsnivået har vore lågt grunna fattigdom. KKP har sett i gang utdanningsprogram som sidan 1949 har redusert prosenten av analfabetar betrakteleg. Grunnskule og vidaregåande skule er gratis, medan det er skulepengar for utdanning på høgare nivå, med opptak basert på skriftlege prøver.

Kinesisk massemedia er i større eller mindre grad kontrollerte av KKP. Alle aviser og TV er underlagt sensur, og i tillegg er det vanleg med sjølvsensur for å unngå problem med styremaktene. Bruk av internett har vakse hurtig, og Kina har i dag verdas største nettsamfunn med meir enn ein halv milliard brukarar. Sensuren er streng, og pornografi og opposisjon mot KKP blir ikkje akseptert

Trass dette, og innanfor gjevne rammer, utgjer blogging, publisering og spreiing av informasjon på internett via pc og mobiltelefon ein betydeleg faktor for påverknad og endring av det kinesiske samfunnet.

Kina er svært avansert med omsyn til bruk av mobiltelefon for ei rekke tenester i dagleglivet; til dømes betaling for varer og tenester, meldingar, samtaler, audiovisuell strauming eller bank.

Noregs forhold til Kina var før 1949 prega av misjonsverksemd. Misjonærane måtte forlata landet i dei første åra etter revolusjonen i 1949. Noreg var eit av dei fyrste landa som anerkjente Folkerepublikken Kina, og forholdet mellom dei to landa har stort sett vore uproblematisk.

Etter tildelinga av Nobels fredspris til Liu Xiaobo i 2010 kjølna forholdet monaleg. Kinesiske styremakter ser på tildelinga som norske styremakters innblanding i interne forhold, og kulturell utveksling og politisk dialog har vore på eit minimum etter tildelinga. I 2017 blei forholdet mellom Noreg og Kina normalisert.

Kina er representert i Noreg ved sin ambassade i Oslo, medan Noreg er representert i Kina ved ambassade i Beijing og generalkonsulat i Guangzhou (vert lagt ned i juli 2024) og Shanghai.