Faktaboks

Peder Kolstad

Peder Ludvik Kolstad

Fødd
28. november 1878, Borge i Østfold
Død
5. mars 1932, Oslo
Verke
Landbruksskulelærar og politikar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Olaus Pedersen Kolstad (1839–1911) og Anne Kristine Pettersen Lille-Borge (1851–1940).

Gift 16.11.1905 med Ingrid Mathiesen (19.9.1879–1954), dotter til verkseigar Henrik Mathiesen (f. 1850) og Anne Kristine Jensen (f. 1858).

Svigerfar til Eva Kolstad (1918–1999).

Peder Kolstad
Peder Kolstad
Av /NTB Scanpix.

Peder Kolstad var ein norsk politikar for Bondepartiet. Han var Noregs statsminister frå 12. mai 1931 til 5. mars 1932, i den første bondepartiregjeringa i Noreg.

Kolstad var landbrukslærar og seinare framståande politikar i bonderørsla. Frå 1922 til 1932 stortingsrepresentant frå Østfold fylke. Han vart odelstingspresident i 1931, og same år statsminister og finansminister i Bondepartiets regjering. Kolstad vart likevel sjuk og døydde etter eit knapt år som statsminister. Bondepartiregjeringa fortsette deretter under leiing av Jens Hundseid.

Kolstads namn er særleg knytt til konfliktar i arbeidslivet (som toppa seg i Menstadslaget) og til Grønlandssaka, der regjeringa hans godkjende den private norske okkupasjonen av Aust-Grønland.

Bakgrunn

Peder Kolstad var fødd i Borge i Østfold. I 1899, 21 år gamal, tok han eksamen ved Kalnes Landbruksskole (frå 1990 Kalnes vidaregåande skule) i Tune. I 1902 tok han eksamen ved Norges Landbrukshøgskole på Ås, og han gjekk ut i det som skulle bli livsyrket hans ved sidan av politikken, yrket som landbrukslærar. Same året vart han landbrukslærar på Bjørnetrø i Nedenes. To år seinare flytta han til Sem i Asker, der han vart lærar ved Holtsmarks landbruksskole. I 1905 kom han tilbake til Kalnes og vart styrar der i 1912.

Bondepolitikar

Det var ikkje så mange med høgare utdanning i bygdene den gongen, og han vart raskt trekt med i styre og stell. Ikkje minst var det dei lokale landbruksorganisasjonane som fekk nyte godt av arbeidskrafta hans. Han hadde ei rekkje verv i samvirkeorganisasjonane og var dessutan i fleire år medlem av Tune heradsstyre og formannskap. Han var styremedlem og formann i Tune Landbruksforening, i landbruksselskapet i Østfold, i Felleskjøpet og medlem av representantskapet og varamann til styret i Selskapet for Norges Vel.

Alt i 1910-åra fekk han sentrale verv i Norsk Landmandsforbund. Han spelte mellom anna ei viktig rolle i utarbeidinga av kornpolitikken, og han var ein av pådrivarane bak vedtaket i 1920 om å gjere forbundet til politisk parti. Han var også aktiv i debatten om omorganiseringa i 1922, då Landmandsforbundet vart delt i to greiner, Bondepartiet og Norges Bondelag. Kolstad ville gå lenger og skilje dei to organisasjonane heilt frå kvarandre. I 1920-åra sat han som leiar av Bondepartiet i Østfold og var i ei årrekkje medlem av landsstyret i Bondelaget.

Stortingsrepresentant

I 1921 vart Kolstad vald inn på Stortinget for Bondepartiet, og han sat som representant for Østfold til han vart statsminister i 1931. I heile denne perioden hadde han vervet som gruppesekretær. Han var også heile tida medlem av finanskomiteen og vart formann der 1928. I 1931 vart han odelstingspresident.

Politisk ståstad

Kolstad var rekna som ein moderat politikar. Han tilhøyrde den konservative austlandsfløyen i partiet, men han var ingen markert fløypolitikar, og fram mot slutten av 1920-åra kom han meir og meir på line med den noko meir radikale vestlandsfløyen som ønskte sterkare offentlege tiltak mot vanskane i jordbruksnæringa. Han var partiets finanspolitiske talsmann, og han stod sentralt i utarbeidinga av gjeldspolitikken frå slutten av 1920-åra.

Statsminister

Peder Kolstads regjering
Peder Kolstads (sittande i midten) regjering i 1931. I denne regjeringa var Vidkun Quisling (sittande til høyre) forsvarsminister.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Det vervet sat han i då han i mai 1931 vart plukka ut til å bli Bondepartiets første statsminister. Det var ikkje noko opplagt val. Jens Hundseid var både partileiar og parlamentarisk leiar, og mange frykta at han skulle bli ny statsminister. Kolstad sjølv ønskte ikkje at regjeringa til Johan Ludwig Mowinckel skulle fellast, og han arbeidde for ei utsetting av Lilleborg-saka, men Mowinckel ville ikkje ha noko kompromiss.

Kolstad hadde ingen formelle leiarverv i partiorganisasjonen, men han hadde lang fartstid bak seg i Stortinget og hadde vist seg som ein dyktig administrator. Han hadde vore medlem i fleire departementale og parlamentariske kommisjonar, mellom anna krigsforsyningskommisjonen, Stortingets krisekomité og ankenemnda for Trustkontrollen, og han hadde vore varamedlem i Noregs delegasjon til Folkeforbundet. Eigenskapane han hadde som moderat og samarbeidsinnstilt politikar, tente også til å dempe misstemningar mot den nye regjeringa. Dessutan vart det lagt vekt på dei erfaringane og kunnskapane han hadde om økonomisk politikk, eit område som nettopp stod i forgrunnen ved dei økonomiske problema som var under utvikling på denne tida.

Svakt parlamentarisk grunnlag

Det vart Peder Kolstad sin tillit i resten av stortinget som vart utslagsgivande, og 12. mai 1931 vart han utnemnd til statsminister.

Den korte statsministerperioden til Kolstad vart prega av ei rekkje vanskelege politiske spørsmål. Inga regjering til då hadde hatt eit svakare parlamentarisk grunnlag. Regjeringa hadde berre 25 av 150 stortingsrepresentantar, og den økonomiske krisa sette ytterlegare grenser for speleromet. Som vanleg på den tid var statsminsteren også leiar av eit fagdepartement. Det var naturleg å plassere Kolstad i Finansdepartementet. Denne stillinga styrka den posisjonen han hadde som regjeringssjef, men det var også ein krevjande post. Som ortodoks finanspolitikar la Kolstad vekt på å møte økonomiske nedgangstider med å skjere ned budsjetta, og han la opp til ein hard sparepolitikk. Dette gjorde det vanskeleg å innfri forventningane som var stilte til regjeringa. Vanskane vart skjerpa då Bygdefolkets krisehjelp vart skipa hausten 1931 og utfordra regjeringa med krav om ein radikal gjeldspolitikk.

Det å leie ei regjering med så svak basis i Stortinget og med så mykje konflikt og uro i samfunnet rundt, vart litt av eit blodslit for Kolstad. Han var ikkje berre statsminister, men også finansminister, og svært mykje av det kontorarbeidet som følgde med dei to stillingane, måtte han utføre sjølv. Tidlegare statsministrar som Mowinckel eller Ivar Lykke, kunne hyre ein sekretær av eiga kasse for å hjelpe seg. Noko slikt hadde ikkje Kolstad råd til. Mykje sjuk var han også. Han hadde migrene og var plaga av dårleg hals og av at han ikkje fekk sove.

Kolstad var pessimist av natur, og han innretta seg alltid på at ting kunne gå gale. Han meinte at det var i motbakke ein kunne vise kva ein dugde til. For mykje medvind var skadeleg både for kropp og sjel. Mange meinte at det var den reine barkebrødmoralen han forkynte, men runnen som han var av det gamle bondesamfunnet i Østfold, var det nøysemd og sparsemd han var oppteken av. Det kom også klart til syne i det første budsjettet som Bondeparti-regjeringa la fram. Der var sparekniven nytta så godt det lot seg gjere.

Vidkun Quisling som forsvarsminister

Sidan regjeringa Kolstad var den første Bondeparti-regjeringa, var det ei heller svak og totalt urøynd regjering. Fleire av statsrådane mangla totalt politisk røynsle. Det er neppe heilt rettferdig, men det statsminister Peder Kolstad er blitt mest kjend for er utnemninga av Vidkun Quisling som forsvarsminister. Det er eigentleg ei gåte kvifor han gjorde det. Kolstad kjende ikkje Quisling på førehand, anna enn at han visste Quisling hadde assistert Fridtjof Nansen under hjelpearbeidet i Russland i forbindelse med hungersnøden etter den russiske borgerkrigen. I Norge vart Quisling lagt merke til etter at han skreiv nokre artiklar i avisa Tidens Tegn om situasjonen i Russland, og han ga utboka «Russland og Vi». Kolstad vart spurt om kvifor han hadde valt Quisling som statsråd, og då kunne han ikkje gi nokon annan god grunn enn at «han har skrevet en slik god bok om Russland». Det var opplagt fleire av Quisling sine mektige venner, mellom dei redaktør Thorvald Aadahl i Nationen og Rolf Thommessen i Tidens Tegn, som pressa på for å få han inn i regjeringa. Det skulle kome til å bli noko av eit mareritt, særleg for etterfølgjaren, Jens Hundseid.

Kolstad derimot hadde rimeleg kontroll med Quisling. Posisjonen som forsvarsminister i Bondeparti-regjeringa brukte Quisling som springbrett for si politiske karriere. Quisling var major, og Bondepartiet, som var kjent for å ha eit høgt innslag av militære i det politiske tetskiktet, vart derfor kalla «majorpartiet». Lite visste Kolstad då at den same Quisling skulle bli den politikaren i 1930-åra som historikarane har skrive mest om.

Menstadslaget

Eit anna problem regjeringa fekk i fanget, var konfliktane i arbeidslivet. Berre nokre veker etter at regjeringa vart utnemnd, kom det som i ettertid er blitt heitande «Menstadslaget». Det var ein lokal konflikt mellom streikande arbeidarar og streikebrytarar på Norsk Hydro sitt hamneanlegg, Menstad-kaia ved Skien. Slagsmål vart det, og statspolitiet greidde ikkje å stanse uroa. Regjeringa vedtok å sende militære styrkar, og Quisling gjorde ikkje anna enn å effektuerte vedtaket, men det var først og fremst han som fekk kritikken og ikkje minst – tok æra etterpå for å ha rydda opp. Elles gjorde Quisling lite av seg det året han hadde Kolstad som regjeringssjef.

Grønlandssaka

Kort tid etter utnemninga måtte regjeringa også ta stilling til den private norske okkupasjonen av Aust-Grønland (sjå Grønlandssaka). Ein norsk ekspedisjon vart utrusta og okkuperte eit stort område på Aust-Grønland. Kolstad sjølv likte det dårleg, men regjeringa kom likevel til å støtte okkupasjonen, både etter press frå partiet og Bondelaget og frå krinsar utanfor bonderørsla. 23 regjeringskonferansar vart haldne om denne saka i tida 29. juni til 10. juli 1931, med då danskane var totalt avvisande overfor norske krav, signerte kong Haakon den 10. juli proklamasjonen om at Eirik Raudes land nå var norsk. Nokre dagar seinare stemna Danmark Norge inn for Den internasjonale domstolen i Haag. Det vart ein langvarig prosess som Norge tapte på alle punkt.

Økonomiske reformar

Regjeringa fekk gjennom fleire reformer, mellom anna utviding av omsetningslova, lov om smørinnblanding i margarin og høgre kornprisar. Då Storbritannia forlet gullstandarden hausten 1931, følgde den norske regjeringa, etter råd frå Norges Bank, etter. Samstundes vart krona devaluert, noko som var til fordel for den norske eksporten. Dei mange problema og vanskelege avvegingane tærte likevel på kreftene til regjeringssjefen.

Gravlagt som statsminister

Peder Kolstads begravelse i Tune kirke
Av /Østfold fylkes billedarkiv.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Fredag 15. januar 1932 var statsminister Kolstad i statsråd på Slottet. Same ettermiddag vart han sjuk og innlagd på sjukehus. Han hadde bukhinnebetennelse, men det var blodpropp han døydde av laurdag 5. mars, knapt 54 år gamal. På same måten som då Otto B. Halvorsen døydde mens han var statsminister, kunngjorde kong Haakon at ny statsminister ikkje skulle utnemnast før Kolstad var gravlagd. Når han døydde som statsminister, skulle han også gravleggjast som det, meinte kongen. Halvorsen og Kolstad er dei to einaste statsministrane som har gått bort mens dei sat som statsministrar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Borgen, Per Otto: Norges statsministre, 1999
  • Dietrichson, W.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 7, 1936
  • B. V. Gabrielsen: Menn og politikk. Senterpartiet 1920–1970, 1970
  • Haffner, Vilhelm: biografi i Stortinget og statsrådet 1915–1945, bind 1, 1949
  • Nielsen, May-Brith Ohman: Bondekamp om markedsmakt 1920–59, bind 1 av Senterpartiets historie 1920–2000, 2000
  • Rovde, Olav: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 5, 2002

Faktaboks

Peder Kolstad
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036354007178

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.