Fiendegodslova er ei norsk lov som regulerer fiendegods. Lova er ein del av beredskapslovane som kom til etter andre verdskrigen som varige føresegner som skal tre i kraft i krigstid. Kongen bestemmer når lova trer i kraft.

Faktaboks

Fullt navn
lov om fiendegods
Kortnavn
fiendegodslova
Lovdata-ID
NL/lov/1950-12-15-4

Lova definerer fiendegods som eigedom som tilhøyrer ein fiende, som fast eigedom, skip, lausøyre og varer, betalingsmiddel og verdipapir, aksjar, pengekrav, forsikringsavtalar, patent- og varemerkerettar og dessutan alle andre økonomiske verdiar som er i Noreg. Fiende er definert som stat som Noreg er i krig med (fiendestat), borgarar av fiendestat, fysiske personar som har tilhald i fiendeområde og juridiske personar som har hovudsete i fiendeområde eller er kontrollert av fienden.

Fiendegodset som blir teke beslag i skal bli styrt av Direktoratet for Fiendegods. Alle som måtte sitje på verdiar som er omfatta av lova har plikt til å melde frå om dette til Direktoratet. Kontraktar inngått med fiende som ikkje er oppfylt ved eventuelt krigsutbrot fell bort.

Brot på lova blir straffa med bøter eller fengsel inntil eitt år.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.