Regnbogeflagget
Regnbogeflagget er eit symbol på homorørsla, eller LHBT-rørsla. Flagget er mest kjent i samband med feiringa av gay pride.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Pride-flagg

Den mest brukte versjonen av flagget har i dag seks striper, men fargar og tal på striper har variert historisk.

Pride-flagg
Av .

Regnbogeflagget er eit symbol for homobevegelsen og skeive minoriteter generelt. Flagget blir nytta i feiringa av pride, og står for skeivt mangfald og inkludering. Regnbogeflagget vart først nytta som eit symbol for homorørsla og homofrigjering i USA på 1970-talet. Dette skjedde i samband med dramatiske hendingar i den moderne homokampen og den seksuelle frigjøringa på 1970-talet, som representerte eit skilje i homohistorien. Den seksuelle frigjøringa innebar mellom anna meir synleg homoseksualitet i samfunnet.

Faktaboks

Også kjend som

prideflagget

Den mest brukte versjonen av flagget har i dag seks striper, men fargar og tal på striper har variert historisk. Utesteder og andre institusjonar som nyttar regnbogeflagget viser at skeive personar er velkomne. Slik er flagget eit symbol som kan hjelpe skeive rundt omkring i verden til å finne trygge stadar der ein kan vere seg sjølv.

Etter kvart vart regnbogeflagget eit symbol på den breiare skeive kampen, og inkluderer mellom anna transpersoner, bifile og andre minoritetar i LHBT-gruppa, i tillegg til lesbiske og homofile. Utover 2010-talet har dessutan regnbogeflagget i aukande grad vorte nytta av allierte for å vise støtte for LHBT-minoritetar og mangfald og inkludering av skeive meir generelt.

Symbolet blir skapt

San Francisco på sørvestkysten av USA har ei viktig ikonisk og historisk rolle for dagens skeive miljø. Her vaks det fram eit miljø for homofile på eit tidleg tidspunkt, særleg knytt til Castro-distriktet. I 1977 blei Harvey Milk (1930–1978) historisk, då han blei den første åpent homofile folkevalde i USA.

Skaparen av flagget, Gilbert Baker (1951–2017), budde også i byen, og blei etter kvart kjent med Milk. Etter at han blei valt, oppfordra Milk Baker til å skape eit positivt symbol for det homofile miljøet i byen.

Tidlegare hadde den rosa trekanten vore eit viktig symbol for det homofile og lesbiske miljøet. Symbolet hadde likevel negative konnotasjonar, då rosa trekant var merket nazistane nytta for å merke homofile fangar i konsentrasjonsleirane under andre verdskrigen.

Den originale versjonen av flagget Baker skapte, hadde åtte striper som kvar hadde sin spesifikke symbolikk: Fargane rosa, raudt, oransje, gult, grønt, turkis, indigo og fiolett symboliserte høvesvis seksualitet, liv, helbred, sola, naturen, kunst, harmoni og ånd.

Flagget kjem i bruk

Regnbogeflagget skapte frå første stund begeistring i homomiljøet, og blei rekna som eit symbol for homofil stoltheit frå første gong det kom i bruk i 1978. Flagget blei brukt på «Gay Freedom Day»-paraden i San Fransisco dette året.

Før paraden i 1978 blei flagget satt i masseproduksjon. Alle fargane var ikkje tilgjengelege, ettersom Baker hadde handfarga originalversjonen. Ved masseproduksjon kom ein variant med sju striper til, der den rosa fargen mangla.

Flagget blei ikonisk då Harvey Milk blei drept i 1978. Ved paraden i 1979, kor Harvey Milk blei minna, bestemte paradekomiteen seg for å dele flagget i to, ein halvdel på kvar side av paradegata. Dette førte til at indigo blei tatt ut av flagget, slik at flagget kunne delast i to like delar. Dette gav opphav til dagens mest brukte variant, som har seks striper.

Bruken i dag

Oslo Pride
Frå Oslo Pride Parade i 2019
Oslo Pride
Av /NTB.
Regnbogeflagg med innfelt trekant i svart, brunt, lyseblått, lyserosa og kvitt
Det finst mange variantar av regnbogeflagget. Progress pride-flagget framhevar diskriminering mot mørkhuda, ikkje-binære og transpersonar.
Av /Shutterstock.

I dag snakkar ein gjerne om det «skeive miljøet» heller enn det lesbiske og homofile miljøet. Dette fordi miljøet har blitt sterkt mangfaldiggjort og differensiert, og omfamnar heile LHBTI-spekteret (lesbiske, homofile, bifile, trans og intersex) og andre minoritetar på kjønns- og seksualitetsfeltet. Regnbogeflagget speglar denne utviklinga.

I dag vil ein kunne observere mange ulike variantar av regnbogeflagget. Dette signaliserer at sjølve regnbogen blir sett på som eit symbol for eit mangfaldig skeivt miljø. Variasjonane i utforminga av regnbogeflagga signaliserer likevel at det er eit behov for markering av separate identitetar i det skeive miljøet.

Døme på variasjonar er ein variant i beige og brune nyansar, som symboliserer bamsekultur, og ein variant i blått, svart og kvitt med eit raudt hjarte, som symboliserer lærkultur. Bamsekultur, på engelsk 'bear', er ein subkultur i homobevegelsen som viser til homofile menn som er kroppslig omfangsrike og hårete. Lærkultur er ein subkultur i homobevegelsen for homofile menn som er opptatt av BDSM, altså samtykkande og erotisk leik som gjerne involverar elementer som binding, på engelsk 'bondage', dominans og underkastelse, på engelsk 'submission', sadisme og masochisme

Den standardiserte utgåva med seks striper er likevel framleis den mest nytta, særleg på og kring dei store pride-feiringane. Etter at flagget kom til som symbol, har det blitt ein heil industri kring flagget, og det nyttast på nøkkelringar, smykke, skjorter og andre klesplagg. Det nyttast også for å signalisere at ein uteplass er for skeive, eller at den er vennleg innstilt til skeive.

Etter kvart har dei ulike skeive minoritetene utvikla eigne og meir spesialiserte flagg, til dømes eigne flagg for lesbiske, ikkje-binære og bifile. Slike flagg kallas gjerne for stoltheitsflagg og kan gjerne nyttas saman med regnbogeflagget.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar (1)

skreiv Tore Dybing Myklebust

Hei.
Jeg stusser litt over manglende/feil historikk når det gjelder regnbueflagget.
Regnbueflagget har ikke alltid vært et pride-flagg. Flagget har bl.a. historie som det internasjonale samvirke/kooperativets flagg lenge før det ble knyttet til homobevegelsen.
Jeg er temmelig sikker på at en annen internasjonal organisasjon også har brukt (og bruker?) regnbueflagget som sitt symbol – før homobevegelsen – men husker ikke helt hvilken det er/var. Noe med fokus på barn og fredsarbeid – trur eg ...
Flagget har også en lang historie som symbol på fred, spesielt i Italia.
Dette bør komme frem i denne artikkelen hvis den skal være historisk korrekt. Flagget ble nok heller ikke "oppfunnet" av den nevnte amerikaneren.
Rett skal være rett! 🙂

Sjekk disse lenkene:
Sosialt arbeid. 1967 Vol. 41 Nr. 1-10 (nb.no)
Finnmark Tidende, tirsdag 22. august 1961 (nb.no)

Beste hilsen
Tore D. Myklebust

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.